Vi støttar

Lindås Sanitetsforening

Gode saker vi støttar i Lindåsbygda

Sansehage

Sansehage på Lindås Bu - og Servicesenter er under plan-legging (2015). Vi støttar førprosjektet og hagen med økonomiske midlar. Meir HER

Utstyr til Legekontoret

Legekontoret har fått utstyr som blant anna døgnmålar blodtrykk, prøvetakingsstol, legobord til venterom og diverse medisinsk utstyr. Meir

Tur og arbeidsbord

NerKolås har fått tilskot til tur og regulerbart arbeidsbord.

Jubileumsbok

Lindås Kyrkje har 150-års jubileum i 2015, og vi støttar arbeidet med jubileumsboka med økonomiske midlar.

Klatrevegg

Vi bidreg til eit variert  tilbod i Lindåshallen!


Meir her

Lap-top til Fritex

Ungdomsklubben Fritex har fått Laptop frå Saniteten på Lindås.

Eliasbåten

Vi har i fleire år sørga for at den populære Eliasbåten er med under folkefesten Verdas Lengste Sjømatbord på Lindås.

Fadderborn

Vi har to fadderborn i Raude Kross og SOS Barnebyer.

Ammestolar og leikar

Helsestasjonen på Lindås har fått to ammestolar og pengar til å kjøpe leikar for.

Plantevogn og preike

Lindås Bu - og Servicesenter  har fått plantevogner, samt teknisk utstyr for fjernsyns- overføring av gudstenester frå Lindås Kyrkje.

Katharina-statuen

Katharina Saltnes

Vi bidrog sjølvsagt til den flotte statuen av kunstnaren Katharina Saltnes, som no står i Lindåsparken. Meir om Katharina HER.

Forsking

Gjennom hovudorganisa-sjonen er vi med å bidreg med pengar til forsking, blant anna på kreft, osteoporose og revmatologi.

Vi hjelper der det trengs!