Om oss

Lindås Sanitetsforening

Saniteten på Lindås


Vi er truleg den foreininga som har det kjekkast i heile landet, og det veit vi fordi vi ler ein god del. Vi er nok så lukkelege fordi vi får gjere det vi er glad i, nemleg vere medmenneske for kvarandre og innbuarane i bygda. Det meste av det vi held på med nyt andre godt av, og det er ei god kjensle å gjere noko som kan glede andre. Det gjer oss glad.


Vi treng fleire å ha det kjekt saman med, så viss du vil vere medmenneske saman med oss, får vi det endå kjekkare. Det er dessutan ein super måte å bygge nettverk på, noko dei fleste set pris på.


Historisk attendeblikk


FRÅ MØTEBØKENE

Det var fru dr. Paus som kalla inn til skipingsmøtet som vart halde 30.januar 1914.

1. Føremål

  1. å samle inn pengar til å halde ei sjukesøster
  2. arbeida for å få tæringssjuke innlagde i pleieheimar for slike, og på andre måtar motarbeide tuberkulosen
  3.     Årspengar 25 øre - livsvarig medlem 5 kroner ein gong for alle
  4. Foreininga er underavdeling av Norske Kvinners Sanitetsforening


Doktoren vart vald til formann det første året (frua vart vald til nestformann), men i dei etterfølgjande 88 åra er det kvinner som har hatt den plassen, sameleis i styret. Men karane kunne i alle høve brukast til minst to ting, dei kunne vere sjåførar når det var for glatt å gå til møte, og dei kunne passeforeininga sine pengar. Fleire menn sat som kasserarar både 20 og 30 år. (Kjelde: "Helsestell i Lindås før og no" av A.Åsgard m.fl, Lindås Sogelag 2003)

Leiar: Heidi (med den kortaste kjolen)

Kasserar: Torill (med den største sløyfa)

Eli: (med den flottaste sløyfa)

Anne Grethe: (med dei største smilehola)

Inger Johanne: (den einaste i skikkeleg  17.mai-stemning)

Audbjørg: (med den tilnærma normale sløyfa).

Styret 2015

Som de ser held vi oss godt her i Saniteten. Om det er sjølufta eller all latteren, er vi ikkje heilt sikre på. Men det virkar, i alle fall.

Arbeidsmøter haust -16


Man 5.sept kl 19

Man 19.sept kl 19

Man 3.okt kl 19

Man 31.okt kl 19


Vil du vere med?

Bli medlem!

Kontaktinfo


Leiar Heidi Tykhelle


Mob: 9160 9849

Mail: heidi.tykhelle@online.no


Sanitetsstova

adr: Lindås Senter, ved Adorn Frisør