Fokusområder NKS

Lindås Sanitetsforening

Norske kvinners sanitetsforening er Noregs største kvinneorganisasjon, med mange lokallag over heile landet. Lindås Sanitetsforening har i 2015 rundt 80 medlemmar, og er ein viktig ressurs i lokalsamfunnet.


Målet med organisasjonen er å bidra til eit trygt og inkluderande samfunn med spesielt fokus på kvinner. Vi har kvinners livsvilkår som hovudsatsingsområde gjennom å støtte og jobbe for:


  • Kvinnehelse
  • Forskning
  • Integrering
  • Søsterorganisasjonen i Etiopia
  • Barn, unge og eldre
  • Omsorgsberedskap
  • Institusjonsdrift


Les meir om satsingsområdene HER

Les meir om kva vi gjer i Lindåsbygda HER

Bli ein av oss!


Frivillige organisasjonar spelar ei viktig rolle i samfunnet.  Ikkje alle oppgåver let seg løyse av offentlege og kommersielle krefter. Samfunnet treng medmenneske som stiller opp!


Meir om medlemskap HER

N.K.S vart stifta i 1896 og har  om lag 41 000 medlemmar fordelt på over 700 lokallag i heile landet. Organisasjonen mottek ikkje stønad frå staten og er livssynsnøytral og parti-politisk uavhengig.


Heimeside hovudorganisasjon