Aktivitet

Lindås Sanitetsforening

Dette driv vi med


Vi har arbeidsmøter for medlemmar 1-2 gongar i månaden. I tillegg har vi ein del faste aktivitetar vi gjer kvar for oss eller i grupper. Her er nokre av aktivitetane våre:

Fastelavensris

Fastelavensris er ein fargerik trasdisjon vi lagar og sel kvart år. Inntekta går til dei gode sakene vi støttar.

Handkle til nyfødde

Vi ynskjer alle nyfødde i skulekrinsen velkomne til verda med eit flott handkle med logoen vår på.

Julehelsing

I førjulstida går på julebesøk med ei lita julehelsing til alle over 80 år og til dei som bur på institusjon.

Under den årlege folkefesten Verdas Lengste Sjømatbord på Lindås, stiller vi med bordvertane langs det lange smaksbordet. Meir info HER

Bordvertar på Sjømatbordet

Skulefrukost

Ein gong i året serverer vi frukost til alle på Lindås Ungdomsskule. Dette er eit ledd i "Sanitetens uke".

Senterdagar

Vi er på plass under senter-dagar på Lindås. Her stiller vi ofte med rømmegraut eller annan mat, og sjølvsagt har vi lotteri.

Strikkekafe

Tysdagar 19-22


Ein tysdag i månaden er det strikkekafe i Sanitetsstova. Her samlast vi i alle aldrar, med eller utan handarbeid. Dette er ein god sosial møteplass med drøs, hand-arbeid, mat og utlodning.


Datoar for Strikkekafe vert annonsert i lokalavisa og på www.lindasbygda.no